Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for the ‘barn ~ Halldis Moren Vesaas’ Category

I går hadde Ibsen bursdag, og i dag er det verdens poesidag. Man begynte å markere denne i 1999, og formålet med denne dagen er å sette fokus på lesing, skriving, publisering og forståelse for poesi rundt hele verden. Det som er noe av utfordringen med diktet er å fortelle mye med få ord, og det kan romme både det dypt personlige og allmenne på samme tid.

Her feires dagen ute i hagen med en kopp te i vårsola. Selvfølgelig er det dikt som leses, og jeg har plukket frem en av de lyrikerne jeg er mest glad i. Derfor er det Halldis Moren Vesaas sine «Dikt i samling» som får en gjenlesning. Skulle du finne veien innom her, gratulerer med dagen. Husk å være lydhør for det poetiske i dag. Bruk gjerne tiden til å dele, skrive og eller rett og slett lese poesi.

Eg kviskrar ditt namn
Eg kviskrar ditt namn i den store natt.
Det er alt eg eig.
Det er alt det lys eg veit om i natt,
eg tenner det no, ditt namn, ditt namn.
Men natta er mørk som før.
Mitt sinn er ein loge avdi du er til
– er til, men er ikkje her –
og blodet ein blome, heit og still,
utsprungen fullt i natt
til fåfengt å ange, for ingen.
Ustanselig gir eg, berre med at at eg er ,
mitt sinns lys, mitt blods eld
til natta aleine.
Men natta er kald som før
(Halldis Moren Vesaas)

samling

Read Full Post »

Barn, ikkje le av den fuglen
Som flaksar så hjelpelaust av stad
Vinden har skilt han frå dei andre
Som flyg over havet i ei jamn, tett rad

Vinden valde ut denne eine
Og kasta han ut av den usynlege lei
Som fuglar av hans slag plar følgje
Han er ikkje lenger ein av dei

Sin eigen veg må han finne
Eller – om han trøytnar om litt
Gi tapt, la seg falle, gå under
Slik går det desse einsame titt

Det mørknar vidt over havet
Ei frostnatt kvesser sine jarn
Ein fugl flyg einsam under stjerner
Ikkje gråt for den fuglen, barn ~

Halldis Moren Vesaas

Read Full Post »