Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for the ‘Torvund’ Category

Humlehymner

Revebjøller i ein Yorkshirehage
Humlene elskar dei

Me avventar ein komponist som kan
skrive ned den musikken
som humler og stjerner
eiketre og store nyklipte plenar
er så fulle av

Isbitane glimtar i sola nå
Stjernene er hjå nattmenneskene
Men humlene fryder seg
hemningslaust i revebjøllene

Du ser ein blom dirra
og så kryp ei humle ut
Komponisten ingen kjenner
noterer på sitt usynlege partitur
Ei hymne er alltid undervegs
Det andre er alt her

 

Helge Torvund

 

Reklame

Read Full Post »