Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘høst’

September

Det ruslar ein stillferdig vind
i hagelauvet,
det er ein orm over tankane våre.
Yr, yr over himmelen,
yr mot dei kvitmåla veggane.
Og natta full av tunge eple.
Slik eg no formar hendene
over kroppen din,
slik eg no kjenner ein langsam angst
spire.

Arne Ruset
Fra «Kunsten å stupe seg inn i ein by», Samlaget 1982

Read Full Post »